Rapport om organisering av den administrative verksemda er no ute på høyring. Frist for å sende innspel er 13. januar. Fredag 6. januar vert det nettmøte om rapporten.
Delprosjekt administrativ organisering er eit delprosjekt under Prosjekt fagleg og administrativ organisering i fusjonsprogrammet. Delprosjektet skal kome med forslag til organisering av den administrative verksemda ved Høgskulen på Vestlandet.
Arbeidet skal bygge på dei prinsippa for administrativ organisering som er slått fast i fusjonsavtalen, og skal følgje oppbygginga av den faglege verksemda.
Delprosjektet skal bidra til at administrasjonen utøver gode støttefunksjonar for kjerneverksemda utdanning, forsking og formidling. Vidare skal prosjektet bidra til god forvalting og verksemdstyring i ein effektiv, kompetent og profesjonell administrasjon.
Her kan du lese høyringsrapporten.
Nettmøte om høyringa
Fredag 6. januar kl. 13 blir det arrangert nettmøte om høyringa. Leiar for prosjektet, Kristin Ravnanger, svarar på spørsmål og fortel om prosessen.
Sende spørsmål eller innspel til møtet til post@fusjonsinfo.no. Du kan også stille spørsmål i kommentarfeltet på saka.
Møtet blir gjennomført som eit intervju, og du kan sjå opptak i etterkant. Sendinga blir lagt ut her på fusjonsinfo.