Home / Forums / Diskusjonsforum / Mangelfull fusjonsrapport i vest

  • Gunnar Yttri, stipendiat ved HiSF
    Post count:
    #213 |

    Teksten nedanfor vart i veke 1, 2016 publisert på
    http://www.khrono.no/debatt/mangelfull-fusjonsrapport-i-vest
    http://krohnargument.no/2016/01/05/mangelfull-fusjons-rapport/

    Mangelfull fusjons-rapport
    Like før jul kom fusjonsutgreiinga for Høgskulen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Rapporten har nokre viktige manglar.

    Av Gunnar Yttri, stipendiat ved HiSF.

    Det er Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) i Oslo som har gjennomført fusjonsutgreiinga. Startskotet gjekk 26. oktober og vart gjort offentleg 22. desember. Same dag ytra rektorane for dei tre institusjonane samstemt at rapporten var grundig og gav eit godt grunnlag for vidare samtalar om å gå saman. På førebiletleg vis har so høgskulane gjort rapporten tilgjengeleg for både tilsette og ålmenta. Medverknad og ordskifte kan slik finna stad.

    På nær 180 sider (inkludert vedlegg) har NIFU kartlagt status for dei tre høgskulane, og sett nærare på moglege føremoner og ulemper ved ei samanslåing av dei. Det heile synest vera bra disponert og dokumentert. Statistikk og talmateriale er sett i system. Men rapporten er også mangelfull.

    Fylke og region
    Ei god og framtidsretta utvikling av høgare utdanning og forsking på Vestlandet og i dei ulike fylka må ta utgangspunkt i sentrale eigenskapar ved regionen, dei ulike fylka og dei ulike høgskulane.

    Rapporten reflekterer ikkje at det er tale om ei mogleg samanslåing av ein høgskule (Høgskulen i Bergen) i Noregs nest største by og ein høgskule (Høgskulen i Sogn og Fjordane) i Noregs minst urbaniserte fylke. Det at Sogn og Fjordane berre har ein høgskule, medan dei to andre fylka også har andre høgskular og kvart sitt universitet, er heller ikkje nemnt. Rapporten tek i det heile lite inn kjenneteikn ved og skilnader mellom fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Fylka er knapt synlege. Det mangslunge Vestlandet er i høve til arbeidsliv og næringsstruktur, geografi og busetnad, by og bygd, lite representert. Dei tre ulike høgskulane slik dei står fram i allereie kjend statistikk for høgare utdanning og forsking er derimot sett under lupa.

    Rekruttering av studentar

    Rapporten framstiller korrekt og presist at Høgskulen i Sogn og Fjordane skil seg ut med vesentleg breiare geografisk rekruttering enn dei to andre høgskulane. To tredje-deler av nye studentar gjennom Samordna Opptak kjem utanfrå Sogn og Fjordane. Talet studentar rekruttert utanfrå fylket har auka dei seinare åra.
    «Flere av høgskolens utdanningsprogram har i det vesentlige nasjonal rekruttering og kan ikke begrunnes primært med regionale behov», heiter det i rapporten.
    Det er to omstende, eit samtidig og eit historisk, som her er viktig å vera merksam på. I samtida er det slik at Sogn og Fjordane har eit folketal (107 000) som gir ungdomskull av ein storleik som åleine gir langt dårlegare grunnlag for høgskule-utdanningar enn tilsvarande i Rogaland (466 000) og Hordaland (511 000). I tillegg er ungdommen i Sogn og Fjordane mellom dei flinkaste i landet til å reisa ut av fylket for å ta utdanning. Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) si evne til å rekruttera studentar frå andre fylke og også frå andre deler av landet enn Vestlandet, vert slik heilt avgjerande for å driva og utvikla høgare utdanning i dette fylket.

    Slik er det i 2016. Men slik har det også vore heilt frå 1960-åra, då høgare lærarskule og distriktshøgskule var i emning. Då departementet peika ut Sogndal for lokaliseringa av lærarskule (1972) og distriktshøgskule (1975), var det med tanke på eit langt større omland enn fylket Sogn og Fjordane. Deler av Buskerud, Oppland og Hordaland som grensa til fylket var særleg peika ut, seinare kom fleire fylke og større deler av landet til.

    At HiSF har lukkast med å verta så attraktiv for ungdommar som kjem frå andre fylke, kan for det eine forklarast med tett oppfølging av studentar og satsing på god undervisning. Men lat oss også innsjå at rekruttering også handlar om god og målretta og profesjonell marknadsføring mellom norske ungdommar. Her har HiSF lukkast over tid.
    Rapporten skriv ingenting om skilnader i folketal. Gitt folketal og rekrutteringsmønster, vil høgare utdanning i Sogn og Fjordane i framtida vera heilt avhengig av marknadsføring som gjer studiestadane Sogndal og Førde synlege og attraktive.

    Rekrutteringa av arbeidskraft
    Innanfor utdanningsfeltet viser rapporten til forsking og slår fast at det er «ingen tvil om høgskolenes store betydning for regionen både som utdanningstilbud og som leverandør av kvalifisert arbeidskraft». Forskinga det vert vist til er Senter for profesjonsstudiar si store undersøking av høgskular på Vestlandet og i hovudstadsregionen. (Gythfeldt & Heggen 2012). Undersøkinga tek føre seg både rekrutteringa til høgskulane og overgangen frå fullført grad til arbeidsliv i tidsrommet 1995 til 2010. Utdanningane som var sett under lupa var dei såkalla velferdsprofesjonane (lærar, førskulelærar, sjukepleiar, sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog).

    Men nemnde undersøking dokumenterte faktiske og viktige skilnader mellom dei aktuelle høgskulane og fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Skilnadane er ikkje nemnde i rapporten. Viktige punkt å merka seg er:
    • Sogn og Fjordane er det fylket som evnar desidert dårlegast å tiltrekkja seg arbeidskraft utanfrå fylket.
    • Medan Sogn og Fjordane forsyner resten av Vestlandet med arbeidskraft, får fylket særs lite arbeidskraft tilbake frå dei andre vestlandsfylka.
    Tilsvarande undersøking vart i 2014 (Røberg) uført for næringsretta utdanningar (økonomi og administrasjon, ingeniør, m.m.) og kom opp med liknande resultat. HiSF spelar dermed ei særleg viktig rolle i utdanninga av kvalifisert arbeidskraft i eige fylke.

    Det ligg nær å tru at fråværet av ein større by med ein stor og mangfaldig arbeidsmarknad forklarar mykje av desse skilnadane. Medan Rogaland dreg vekslar på byane Stavanger, Sandnes og Haugesund, og Hordaland på Bergen, har ikkje Sogn og Fjordane slike sentrale motorar og magnetar i arbeidsliv, næringsliv og busetnad. Det faktum at det er fylket Møre og Romsdal og høgskulane der som liknar mest på Sogn og Fjordane med omsyn til rekruttering av arbeidskraft, peikar i same retning. Storbyar gjer ein vesentleg skilnad og eit anna utgangspunkt.

    Finst forskingsfellesskapa?
    Rapporten talfestar i kva grad dei tre ulike høgskulane har lukkast i forskingsarbeidet dei seinare åra. Publisering og publikasjonspoeng vert talt opp, likeeins i kva grad høgskulane har lukkast med søknader i Noregs forskingsråd og i EU-systemet. Men rapporten identifiserer ikkje kva som måtte vera av gode, verksame forskingsfellesskap mellom dei tre høgskulane, forskingsfellesskap som har publisert eller har lukkast med søknader, fellesskap som i ein sams institusjon kan byggja på. Finst desse? Det ville ha vore interessant og kunne ha gitt ein ny samla institusjon eit sunt grunnlag.

    Eller er det faktisk slik at HiSF i liten grad har hatt vitskapleg publisering, og endå mindre grad søkt forskingsrådet eller EU om forskingsmidlar i samarbeid med Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Bergen?
    Dei faglege samarbeidslinjene går i HiSF i alle høve til andre høgskular, universitet og forskingsinstitutt i inn- og utland for fleire av dei store forskingsprosjekta HiSF har lukkast med å få gjennomslag for etter 2010:
    • Idrettsfag: ASK-studien (Noregs forskingsråd (NFR))
    • Historie: Fylkessoge-prosjektet (Sogn og Fjordane fylkeskommune),
    • Lærarutdanning: Lærande Regionar (NFR),
    • Naturfag: RELEASE (NFR),
    • Sosiologi: MOVE (Horizon 2020, EU),
    • Historie/økonomi: TRAUM (NFR)
    • Reiseliv: BIOTOUR (NFR), Innovasjon og verdiskaping i reiselivet (Samarbeid offentlege verksemder/Privat næringsliv).

    Kva med Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Bergen? Kva forskingsprosjekt og kva samarbeidspartar har dei lukkast med dei siste fem åra?
    Rapporten seier lite om dette. Kan hende er det vyane om ein profesjonshøgskule på Vestlandet som gjer at dei faglege dimensjonane og eventuelt grunnlag for fine samarbeid forsvinn. Er det slik at dei gode og produktive forskingsfellesskapa vert tekne for gitt dersom dei ulike høgskulane tilbyr dei same profesjonsutdanningane? Dette er i tilfelle lettvinn tenkjemåte. For HiSF som har del av sitt faglege grunnlag i ein tidlegare distriktshøgskule med disiplinorienterte fagmiljø (innanfor samfunnsfag og naturfag) kan det også føra til at nokre av dei faglege særkjenna og føremonene vert gjort usynlege.

    Kva med den språklege kapitalen?
    Rapporten skriv ikkje eitt ord om språkleg felles satsing i ein eventuell ny høgskule. NIFU-rapporten nemner ikkje språk-fellesskap i det heile, men tilrår fusjon. På hi sida står nynorsken heilt sentralt i Høgskulen i Volda (som merkeleg nok ikkje er omtala i NIFU-rapporten) sine sonderingar med Universitetet i Bergen og deltakinga i ein eventuell allianse med Høgskulen i Lillehammer og Høgskulen i Molde.

    For ein institusjon som er sentralt plassert på Vestlandet må vilkåra for å utvikla nynorsken som fagspråk koma i framgrunnen i vidare drøftingar. Vert det teke for lett på, kan ein stor kapital gå tapt. Høgskulen Stord/Haugesund har til dømes sine eldste historiske røter i lærarseminaret på Stord, eit sentrum for målreisinga på Vestlandet frå slutten av 1870-åra.
    HiSF med campus i Sogndal og i Førde er lokalisert i det nynorske kjerneområdet. Ikkje i noko anna fylke står nynorsken så sterkt som i Sogn og Fjordane. HiSF har viktige historiske røter i ordskiftet om distriktshøgskular i siste del av 1960-åra. Både Sogndal lærarskule og Sogn og Fjordane distriktshøgskule hadde sitt opphav i eit ordskifte som bana ny veg for etablering av høgskular i bygdesamfunn. Dette i ei etterkrigstid som hadde vore prega av sentralisering og oppbygging av utdanningsinstitusjonar i byane.

    Målrørsla og arbeidet for å styrka nynorsken var viktig for å få lagt nye utdanningsinstitusjonar til bygdesamfunn. Distriktshøgskulen i Volda (1969) var den første av desse, Bø i Telemark den andre og Sogn og Fjordane distriktshøgskule (1975) var den tredje. Sogndal lærarskule, skipa i 1972, var den første lærarskulen i etterkrigstida som vart lagt til ei bygd og til eit område der nynorsken rådde.

    I 2015 vart det teke eit fint initiativ i HiSF for å utarbeida ein språkstrategi og språkpolitiske retningsliner for HiSF. Som det heiter i saksutgreiinga til styret:
    «Nynorskens einerådande posisjon i fylket vårt har gjort at korkje styre, leiing eller organisasjonar ved høgskulen har følt noko særleg behov for å drøfte høgskule og språkpolitikk.»
    Dette er vel eit klassisk døme på at det som ein omgir seg med og dreg vekslar på i det daglege, det tek ein lett for sjølvsagt. Lokalisert i eit fylke der nynorsken rår i skular, kommunar, fylkeskommune og i statleg forvalting – og der lag og organisasjonar og privat næringsliv nyttar nynorsk på framifrå og kreativt vis, er det mykje som har kome naturleg. Høgskulen sjølv har bidrege til god bruk av nynorsk i fag og administrasjon, men HiSF har sjølvsagt også mange dugande bokmålsbrukarar. I stadig større grad vert engelsk nytta i vitskapleg publisering og i andre faglege og sosiale samanhengar.

    Truleg var det for mykje å venta av NIFU-utgreiinga skulle ta føre seg språk. Men struktursaka aktualiserer og utfordrar den språklege kapitalen med stor kraft. Det trengst eit sterkare medvit og det trengst konkret handling om høgare utdanning i Sogn og Fjordane også i framtida skal dra vekslar på og vera med å auka og styrka nynorsken. Truleg kan ein her læra mykje av Førde kommune, som gjennom frisk satsing på «nynorskbyen» vart årets nynorsk kommune i 2015. Førde har mål om å verta eit kraftsenter for nynorsk. Det ligg i korta at kraftsenteret for nynorsk i høgare utdanning og forsking må ha tilhald i Sogn og Fjordane.

The forum ‘Diskusjonsforum’ is closed to new topics and replies.