Home / Forums / Diskusjonsforum / NYTT LYS PÅ FUSJON SØROVER?

  • Vidar Frette
    Post count:
    #419 |

    Styret ved Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) har einstemmig vedtatt å gå inn i fusjonsforhandlingar med Høgskolen i Bergen (HiB) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF). Nokre av oss har i førekant av dette styrevedtaket freista å fremja eit alternativ til fusjon nordover, nemlig å dela HSH slik at Haugesund-delen går mot Stavanger og Stord-delen går nordover. Dette alternativet har ikkje blitt sett på som aktuelt av leiing og styre i HSH – og det har ikkje vore gjort noko utgreiing eller nærare analyse av det.

    Me ønskjer likevel å leggja fram grunnar for at ein fisjon av HSH – med Haugesund-delen tilknytta Universitetet i Stavanger (UiS) – er eit alternativ det er verdt å ta med seg vidare i fusjonsarbeidet. Forhandlingane med HiB og HiSF har nett starta, og me veit ikkje kva som kjem ut av dei. Det kan difor vera viktig å få fram andre alternativ til den vidare vegen for HSH.
    NIFU sin rapport inneheld mykje om potensielle fordelar ved fusjonar generelt, uavhengig kva for institusjonar som fusjonerer. Slik me les denne rapporten, inneheld han derimot ikkje vektige argument som talar spesifikt for ein fusjon mellom HSH, HiB og HiSF. Det me legg fram i det følgjande er faglege argument og andre typar argument som etter vår meining syner store fordelar både for Haugesund-delen av HSH og Haugaland-regionen ved å venda blikket sørover.
    Det me ber om er at dette alternativet blir utgreidd.

    Geografisk avstand

    Det er relativt kort reisetid mellom HSH-Haugesund og UiS, samanlikna med reisetid til HiB og HiSF. Sjølvsagt kan kommunikasjon mellom ulike studiestader delvis ordnast elektronisk og via video, men ein må og møtast andlet til andlet, om ein fusjon ikkje skal bli ein skinn-fusjon.

    Kulturell avstand

    Gamle tradisjonar som ein ikkje tenkjer så mykje på til dagleg, kan, brått og litt overraskande, koma opp til overflata når omfattande relasjonar skal byggjast og utviklast. Det har aldri, kulturelt sett, vore langt frå Haugesund til Stavanger. Slik har det vore frå den tida då ein siglde og rodde mellom distrikta. Til Bergen og Sogn og Fjordane har det alltid vore lengre.

    Industriell avstand

    Næringslivet har tette relasjonar over Boknafjorden. Med dette som bakgrunn, har det politiske miljøet i Rogaland i lang tid engasjert seg aktivt og samla i utviklinga av universitets- og høgskulemiljøet i fylket. Synspunkt frå miljøet på Haugalandet har fått sterk politisk støtte frå fylkespolitikarar frå regionen, noko som har vore avgjerande for utviklinga hos oss. Her kan ein trekka fram tidlegare politisk konsensus om maritim satsing i Haugesund og offshore i Stavanger.

    Ikkje minst er petroleumsklynga på Haugalandet, med vekt på olje og gass, sterkt orientert mot Stavanger, både for industriverksemder, offentleg sektor og forskingsinstitusjonar er det mange relasjonar sørover.

    Eit RogFast-samband vil endra Rogaland

    Eit RogFast-samband vil knytta nord- og sørfylket endå sterkare saman. Rogaland vil i endå større grad utgjera ein felles arbeids- og bustadmarknad. Med dei betydelege infrastruktur-investeringane som vil liggja i RogFast som bakgrunn, blir det ganske merkeleg om høgare utdanning blir organisert langs heilt andre linjer. God forvaltning av fellesressursar vil det ikkje kunna kallast.

    Sikkerhet som tema

    Sikkerhet har vore eit viktig tema for undervisning og for forskning både ved HSH-Haugesund og ved UiS i mange år. Det har vore mykje samarbeid mellom institusjonane på dette temaet. For å utvikla dette samarbeidet vidare vedtok Fylkestinget i Rogaland nyleg ein overordna felles strategi for alt samfunnssikkerhetsarbeid i Rogaland, der målet er både å synligggjera sikkerhetsmiljøet i regionen og å styrka miljøet og samarbeidet mellom aktørane (primært Rogaland Fylkeskommune, Fylkesmannen i Rogaland, Sør-Vest politidistrikt, Stavanger universitetssjukehus, Rogaland brann og redning, UiS og HSH).

    Det er alt eit strukturert og nært samarbeid mellom akademia (UiS og HSH-Haugesund) og profesjonsfeltet (brannvesen, politi, ambulanse, Hovudredningssentralen på Sola, frivillige organisasjonar m.v.). Dette samarbeidet har bl.a. resultert i ei unik handbok i øvingsplanlegging der formålet er å auka læringa frå øvingar. Det blir og arbeidd med å få etablert eit nasjonalt kompetansesenter for trening og opplæring i tunnelsikkerhet, der det vil bli ein eigen øvings-tunnel i tilknytnad til RogFast.
    Sikkerhetskompetansen i Haugesund og i Stavanger er altså komplementær, og eit samla og sterkt sikkerhetsmiljø i Rogaland vil kunna utviklast i ein felles institusjon.

    Petro-maritim sektor som tema

    Også innan dette temaet har UiS og HSH-Haugesund sterke og komplementære miljø, som vil kunna styrkast i ein felles institusjon. UiS har sterk kompetanse på forsking innan petroleumsektoren mellom anna boring, mens HSH-Haugesund har er sterke på offshore-operasjonar. Dette vil styrka den totale kompetansen og representera eit heilskapleg miljø og tilbod for næringslivet. Eit anna forhold som styrker ein fusjon UiS og HSH-Haugesund er det relativt nære forholdet HSH har til næringslivet i regionen. Dette vil nok UiS ønska å styrka for sin eigen del, og UiS vil dermed ha fordel av integrert samarbeid med HSH i ein felles institusjon.

    Det er foreslått etablert eit nytt maritimt senter i Haugesund. Eit slikt senter vil det bli mykje lettare å realisera med støtte frå eit samla Rogalandsmiljø – politisk og næringsmessig (me viser til fordelinga maritimt på Haugalandet, offshore i Stavanger, sjå over).

    Akademisk nivå

    Ved ein fusjon med UiS vil HSH-Haugesund koma direkte inn i ein universitetssamanhang, med alle fordelar som det inneber.

    Ein del av ambisjonen for den foreslåtte nye institusjonen frå ein fusjon HSH-HiB-HiSF, er å arbeida mot universitetsstatus. Krava til å bli universitet ser ut til å bli strengare i framtida. Ein skal ikkje lesa mykje i NIFU-rapporten før det blir klart at her vil det vera eit godt stykke fram for ein nyfusjonert institusjon. Som NIFU-rapporten trekkjer fram, vil det vera ei fare for at ekstra-ressursar ein treng for å arbeida mot universitetsstatus, vil bli tatt frå grunnutdanningane. Fusjonen vil derfor svært lett leia til ei svekking av grunnutdanningane (Bachelor-grad), tvert mot dei uttalte måla.

    Kommunane i Nord-Rogaland har i fleire tiår bidratt til Universitetsfondet i Rogaland. Det er uklart korleis denne ordninga kan førast vidare med ein HSH-HiB-HiSF-institusjon med tyngdepunkt langt utanfor Rogaland.

    Undervisning

    Medan HSH-Haugesund vil forbetra det akademisk nivået ved ein fusjon sørover (forrige punkt), kan det argumenterast med at UiS på dette området vil tapa.

    Me vil her argumentera med at UiS til gjengjeld har ein del å læra av HSH-Haugesund når det gjeld tett oppfølgjing av studentar og nær kontakt mellom lærarar og studentar. Det er sterke indikasjonar på at dette området vil bli vektlagt meir av institusjonseigar i tida som kjem.

    Ein bør ta alternativet med fusjon sørover på alvor no, slik at ein ikkje om nokre få år står med ein høgskulestruktur som er heilt på tvers av det eit integrert Rogaland treng.

    Stefan Andersson, høgskolelektor – brannfag og fagansvarleg for Brann og sikkerhet i Norconsult
    Vidar Frette, professor, programleiar Teknisk sikkerhet
    Bjarne P. Husted, førsteamanuensis – brannfag (hovudstilling ved Universitetet i Lund, Sverige)
    Jan Torgil Josefsen, høgskolelektor – brannfag og fagmedarbeidar i Norconsult
    Arjen Kraaijeveld, høgskolelektor – brannfag
    Lise Langåker, førsteamanuensis – organisasjonsfag, tidlegare prorektor ved HSH
    Torodd Lokna, førsteamanuensis – ingeniørfag, tidlegare rektor ved HSH, tidlegare direktør i ResQ
    Eyvind Rossebø, høgskolelektor – elektrofag
    Morten Sommer, førsteamanuensis – beredskapsfag
    Tone Sydnes, høgskolelektor – HMS-fag

The forum ‘Diskusjonsforum’ is closed to new topics and replies.